Fjord1

Heiderleg omtale for årsmelding

Natvik har i ei rekke år laga årsmeldingane for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og seinare Fjord1-konsernet.

I 2006 melde Fjord1 årsmeldinga for 2005 på til vurdering for Farmand-prisen for beste årsmelding. Årsmeldinga til Fjord1 fekk svært heiderleg omtale: «Den grafiske presentasjonen er meget god. Her er det en eksemplarisk bruk av illustrasjoner og bilder som bidrar til å gjøre rapporten lettlest uten bruk av unødig egenreklame», skriv juryen mellom anna.

«Natvik viser stor fleksibilitet og er i stand til å snu seg raskt rundt. Der er viktig i ein bransje som vår. Vi er også veldig nøgde med at ei bedrift i området vårt kan levere kvalitetsprodukt til konkurransedyktig pris. Natvik har dessutan vist seg kreative og står ikkje tilbake for konkurrentane på det området heller», seier tidligere konserndirektør Ivar K. Iversen i Fjord1.






LagreLagre